Brynjulf Jung Tjønn er årets festspeldiktar under Festspela 2026
Forfattaren og lyrikaren Brynjulf Jung Tjønn er utnemnd til årets festspeldiktar under Festspela på Aasentunet 11.–14. juni. – Det er stor stas å vere Festspeldiktar under Festspela på Aasentunet, seier Tjønn.

Festspela (Dei nynorske festspela) er ei årleg feiring av nynorsk språk og kultur, med aktuelle forfattarar, artistar og fagfolk. Festivalen vert årleg arrangert av Nynorsk kultursenter på Aasentunet. Kvart år blir det valt ut ein festspeldiktar. Å vere festspeldiktar er eit ærefullt oppdrag. Brynjulf Jung Tjønn vil vere med på fleire arrangement under Festspela. Se festspelprogrammet her.
«Det er stor stas å vere Festspeldiktar under Festspela på Aasentunet. For ein nynorskforfattar så heng dette veldig høgt. Det er ein litteraturfestival eg har vore på fleire gonger, og det er alltid god stemning der. Eg tykkjer årets program har blitt veldig fint, så eg ser fram til festivalen i juni.»
Årets tema: «Lys og mørke»
«Lys og mørke» er meir enn kontrastar – det speglar korleis vi forstår verda rundt oss. I ei tid prega av klimaendringar, krig, teknologisk utvikling og sosiale skiljelinjer, er temaet meir aktuelt enn nokon gong. Festspeltemaet finn også inspirasjon i Brynjulf Jung Tjønn si bok Alt det lyse og alt det mørke.
Festspela 2026 samlar aktuelle forfattarar, føredragshaldarar og artistar som kastar lys over det som rører seg i samfunnet, og som vågar å gå inn i det mørke for å finne innsikt og håp. Gjennom litteratur, kunst, samtalar og musikk inviterer Festspela til refleksjon, opplevingar og nye perspektiv.
Festspeldiktaren: Ein kritikerrost forfattar
Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er ein kritikerrost og allsidig forfattar som har gitt ut bøker for barn, ungdom og vaksne.
«Tjønn skriv poetisk og innsiktsfullt om sterke tema som rasisme og familiekriser. Han nyttar nyskapande bilete i kombinasjon med eit enkelt og direkte språk. Som lesar kjenner ein tekstane hans på kroppen. »
I 2022 kom diktsamlinga Kvit, norsk mann, som trefte både kritikarane og eit breitt publikum. Boka tek for seg rasisme og korleis det er å vekse opp som utanlandsadoptert i Noreg.
Her les Brynjulf Jung Tjønn eit av dikta sine frå Kvit, norsk mann
(Video: Maria Kleppe Vihovde)
Boka vart tildelt Ungdommens kritikerpris, Kritikerprisen for beste vaksenbok og Nynorsk litteraturpris.

Diktsamlinga Norsk kjærleik (2024) følgjer opp tematikken frå Kvit, norsk mann, og i boka formidlar Tjønn tankane sine om Noreg og det norske. Boka vart nominert til Brageprisen.
Om Festspela
Festivalen Festspela har sidan 1992 vore ei årleg feiring av nynorsk språk og kultur. Under Festspela får du møte aktuelle forfattarar, artistar og fagfolk. Du får oppleve konsertar, teater, litteratur og kunst.