Dagen vi drømte om
Av Bjørn Arild Ersland og Lilian Brøgger, 2013, Innbundet
Fri frakt på bestillinger over 299,-
– Hanne Dale, Barnebokkritikk.no"Mykje i Dagen vi drømte om handlar om å halde tilbake informasjon – i det usagte, uvisse og uforståelege. Og kjenslene det framkallar kan lett koplast til flyktning- og asylsituasjonen: frustrasjonen, maktesløysa, den tilsynelatande endelause ventinga, byråkratiets rustne tannhjul. Dei urovekkande hendingane utanfor mottaket er mest skremmande fordi vi ikkje heilt forstår kva som skjer, og kva i alle dagar det har med mottaket å gjere. Kva skjer i verda utanfor? Kor mange andre mottak er der? Kven er det eigentleg som trekk i trådane, og kven kan vi stole på? [...] Det er denne mangelen på informasjon som skapar den klamme stemninga i boka, og samtidig vekkjer lesarens frustrasjon. Ein har heile tida ei kjensle av at det ligg noko meir bak, eit system av noko slag, men det ligg utanfor vårt synsfelt. Det er irriterande, men det er òg litt av poenget. Kan hende er boka meir som ein sci-fi film der ein helst ikkje bør pirke for mykje i mekanikken bak, men late seg suge inn i verda og stemninga. Så lenge kulissane verkar solide, kan eg vere med på leiken."
