Fars hage, mors hus
Av Eskil Skjeldal, 2021, Innbundet
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 299,-
Eskil Skjeldal skriv sterkt og nært om psykisk sjukdom.
(...)
Mikaels forteljing om foreldra er prega av uvisse. Han har ingen handfaste prov på svik, men heller ikkje på at han er elska. Tvilen slit han sund. Så uviss er han på eigne observasjonar at eg som lesar vert trekt inn i tvilen. Kva har eigentleg desse foreldra gjort som er så gale?
Tvilen som knyter seg til Mikaels observasjonar, er sjølve navet i teksten. Med meir konkrete prov på omsorgssvikt hjå foreldra ville denne forteljinga ikkje vere mogeleg. Teksten gjer motstand mot eintydige svar, og lesaren vert tvinga inn i det splintra universet til Mikael.
(...)
I ein av dei mest skakande og samstundes mest komiske episodane får Mikael ei teikning som den yngste dottera har laga av familien. Blikket til dottera manglar filteret som den vaksne har, og den direkte måten situasjonen er skildra på, gjer at i alle fall eg kjenner skjelvet heilt inn i innvolane.
(...)
Romanen utforskar korleis vi vert definerte i samspel med andre, og korleis orda kjem til kort i kommunikasjonen mellom menneska. Det er eit ambisiøst prosjekt, og forfattaren lukkast langt på veg.
(...)
Det er når Mikael kjempar for å verje barna sine mot dei mest destruktive sidene i seg sjølv, at forteljinga slår sterkast. Her er krafta særs treffande. Mikael taper fullstendig balansen, men teksten er solid.– Guri Sørnes, Dag og Tid
