Veslemøy
Av Vantina Nina Andreassen, 2015, Innbundet
Fri frakt på bestillinger over 299,-
– Trond Sätre, Serienett.no«Den er politisk korrekt. Den formidlar alle dei korrekte meiningane om miljø, forbruk og sosial utrettferdigheit. Veslemøy argumenterer i tillegg ivrig for borgarløn – Det er den eine kampsaka som er særskilt for nettopp denne serien. Ho er ein gjennomført humanist, ho prøver alltid å vise forståing, å ikkje støyte nokon. Samstundes har ho veldig tydelege meiningar og viser tydeleg forakt for handlingar og holdningar som ho meiner er til skade for samfunnet og for sjølve jordkloden. [...] alt ved serien hennar er gjort med så mykje hjartelag, oppriktigheit, og grunnleggande klokskap at det er vanskeleg å ikkje bli glad i Veslemøy. Og om bodskapane hennar ofte er enkle, er dei på same tid ofte gjennomtenkte og vel formulerte. [...] Og den siste stripa i samlinga er berre heilt perfekt plassert. [...] Vantina er ein dyktig teiknar [...] og sjølv om stripene hennar kan vere ordrike, er det nesten alltid ein god symmertri mellom tekst og teikning.»
